Sunnfjord si nye merkevare

Sunnfjord Utvikling har tatt initiativ til og nyleg lansert ein ny merkevarestrategi for Sunnfjord. Denne skal gje næringslivet, kommunane og andre verksemder i regionen eit verktøy for å styrke sin posisjon og gjere Sunnfjord meir synleg, anerkjend og attraktiv for utvalde målgrupper.

 

Ein sterk merkevarestrategi skal hjelpe oss til å snakke med ei felles stemme og skape ein samla, tydeleg identitet for Sunnfjord. Denne merkevarestrategien er eit første steg i å gje verksemdene i Sunnfjord eigarskap og stoltheit. Ved å samle innsatsen vår rundt ein felles identitet, kan vi saman løfte fram regionen sine kvalitetar og moglegheiter. La oss arbeide saman for å gjere Sunnfjord meir attraktiv og synleg for dei vi ynskjer å nå!

 

Under Heilekonferansen vil du som deltakar få sjå denne strategien i bruk. Vil du lese meir eller sjølv ta den i bruk finn du alt her: https://www.sunnfjordutvikling.no/region-sunnfjord/

Sponsortekst

Heilekonferansen er ein samlingsplass for næringslivet i heile Sogn og Fjordane, og eit av mange arrangement for næringslivet som Sunnfjord har å by på.

Heilekonferansen tar del!

Previous
Previous

Lade bil under konferansen?

Next
Next

Kven er vi, sånn egentleg?