
Velkomen til Heilekonferansen
28. - 29. august 2025 | Sunnfjordsalen
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Kva skjer når vi må endre takta?
Strøymingane går raskare, saktare – og nokon stadar i revers.
Følger vi rytmen eller går vi mot straumen?
Heilekonferansen samlar folka, viljen og krafta i næringslivet i Sogn og Fjordane til foredrag og paneldebattar med lokale, regionale og nasjonale aktørar, over to dagar, frå lunsj til lunsj.
Konferansen har vore fullsett sidan oppstarten i 2021.
På scena
-
Sophie Elise Isachsen
Influencer og gründer
-
Kai Eide
Diplomat
-
Simen Staalnacke
Gründer og designar
-
Edgeir Asknes
CEO i Tibber
Sophie Elise Isachsen har gått frå å vere ein av Noregs mest profilerte influensarar til å bli ein suksessrik entreprenør og forfattar. Ho har bygd ei sterk personleg merkevare gjennom sosiale medium, bokutgivingar og eigne produktlinjer, og har vist korleis digital synlegheit kan omsetjast til kommersiell suksess.
Kai Eide er ein av Noregs mest erfarne diplomat og ein ekspert på internasjonal politikk. Med ei karriere som inkluderer toppverv i FN og NATO, har han hatt ei sentral rolle i internasjonale forhandlingar og krisehandtering. Han har vore Noregs ambassadør til både OSSE og NATO, og var FNs spesialutsending til Afghanistan.
Simen Staalnacke er ein av grunnleggarane av Moods of Norway og ein erfaren merkevarebyggjar og gründer. Med si kreative tilnærming til forretning har han sett spor i norsk og internasjonal design- og motebransje.
Edgeir Aksnes er medgründer og administrerande direktør i Tibber, eit teknologiselskap som har revolusjonert energibransjen med smarte, digitale straumløysingar. Med ein visjon om å gjere straum smartare, billigare og meir berekraftig har Tibber utfordra dei tradisjonelle energiselskapa og skapt ei ny retning for forbrukarstyrt energibruk.
Tilbakemeldingar frå 2024
Samarbeid 2024
Arrangør av Heilekonferansen er FINS Aktivitet AS og Førde Industri- og Næringssamskipnad, i samarbeid med arrangementsselskapet Hending og Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.
Hald deg oppdatert!
Registrer deg for å få tilsendt nyhetsbrev frå Heilekonferansen: